Ventemannen og tentakkeldyret
Et usminka møte om det å vere tett på sorg og samstundes oppdaga kor kort det er frå sorg til glede
Et usminka møte om det å vere tett på sorg og samstundes oppdaga kor kort det er frå sorg til glede
11. mai
Arrangement
Ingen av oss kjem til å gå gjennom livet utan å måtte takle sorg og smerte, anten som direkte berørte av eigen eller andre sin sjukdom, eller som pårørande. I slike situasjonar er det nødvendig å forhalde seg til verkelegheita som ho er, men og å finne glede og trøyst i dei glimta som finst i ein slitsam, og ofte brutal, kvardag.
Programmet er bygd på dikt som Ola Grøvdal skreiv og la ut på bloggen sin, Vondt år, kvar dag i eit heilt år da kona hans streid med dødeleg kreftsjukdom. Rolf Pettersen har komponert tonefølge til desse dikta. Dikta skildrar kva kampen mot sjukdommen kosta, både for ho som var ramma, men og for dei som var pårørande. Men dei fortel og noko om kor viktig det er å halde fast på kjærleiken og nærleiken når det røyner på som verst, og å finne trøyst i dei små tinga, som ein rosa sky på himmelen og samveret med familie og vener.
Programmet er eit usminka møte med kva det kostar å vera nært på sorga og smerten, men og ei oppdaging av at det som ser ut som eit vondt år, inneheld både medkjensle, omsorg og gleder. Mange vil nok kjenne seg att, mens nokon vil få eit nytt innsyn i kva mange menneske rundt oss har å stri med i kvardagen sin.
Ola Grøvdal | Tekst |
Rolf Pettersen | Musikk |